Administrativ inndeling på Kypros
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den administrative inndelinga på Kypros vart sist endra då det i 2011 vart oppretta seks nye kommunar.[1]
Kypros har seks distrikt,[2] som er delte inn i 39 kommunar[3] (mest i urbane område) og 485 lokalstyrte busetnader (mest i landlege område).[4] Av desse ligg ni kommunar og 135 lokalstyrte busetnader i område som er utanfor kontroll frå styresmaktene og som er administrerte av Den tyrkiske republikken Nord-Kypros.[4] Kommunane i desse områda har ein kommuneadministrasjon i eksil.[5]