Adah Isaacs Menken
amerikansk skodespelar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Adah Isaacs Menken (15. juni 1835–10. august 1868) var ein amerikansk skodespelar, målar og diktar, og var den høgast tenande kvinnelege skodespelaren i si samtid.[1] Ho var best kjend for rolla si i hestestykket Mazeppa, der ho mot slutten opptredde tilsynelatande naken på ein hest på scenen. Etter stor suksess med stykke i nokre år i New York og San Francisco framførte ho same rolla i London og Paris frå 1864 til 1866. Etter ein kort tur tilbake til USA, vende ho tilbake til Europa. Der blei ho sjuk innan to år, og døydde i Paris då ho var 33.[2]
Adah Isaacs Menken | |||
| |||
Fødd | 15. juni 1835 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New Orleans | ||
Død | 10. august 1868 (33 år) | ||
Dødsstad | Paris | ||
Alias | Indigena, Infelicia | ||
Verka som | skodespelar, teaterskodespelar, lyrikar, skribent, kunstmålar, dansar, ballerina | ||
Ektefelle | Robert Henry Newell |
Menken fortalde mange soger om opphavet sitt, inkludert namnet, fødestaden, avstamminga og religionen sin. Historikarar har kome fram til ulike soger. Dei fleste er samde om at ho blei fødd som ein louisianakreolsk katolikk med europeisk og afrikansk avstamming. Menken blei ein kjendis med sensasjonell framsyningar både i USA og Europa. Ho gifta seg fleire gonger, og var kjend for andre forhold. Ho fekk to søner, men begge døydde som spedbarn.[3]
Sjølv om ho var best kjend som skodespelar, hadde Menken også eit ønske om å bli kjend som forfattar. Ho gav ut rundt 20 artiklar og 100 dikt frå 1855 til 1868 (ei diktsamling blei gjeven ut posthumt). Tidlege verk tok for seg familie og etter at ho gifta seg kunne dikta og artiklane hennar ha jødiske tema.