Acqui Terme
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Acqui Terme er ein by og ein kommune i provinsen Alessandria i regionen Piemonte i Italia. Kommunen har 19 000 ibuarar og eit flatemål på 33,4 km². Byen ligg 34 kilometer sørvest for provinshovudstaden Alessandria.
Kjappe fakta Land, Areal ...
Acqui Terme | |||
by | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Areal | 33,3 km² | ||
Folketal | 18 967 (1. januar 2023)[1] | ||
Acqui Terme 44.676111111111°N 8.4686111111111°E / 44.676111111111; 8.4686111111111 | |||
Wikimedia Commons: Acqui Terme | |||
Lukk
Byen er kjent for sine varme svovelkjelder, som var kjende allereie i romersk tid.[2] Ei av dei ligg i sentrum av byen. I 1870 utforma Giovanni Ceruti ein liten paviljong, kjend som La Bollente, for staden i byen der vatnet når temperaturar opptil 75 °C.
Framstilling av vin er ei viktig næring i kommunen. Han er ein av dei viktigaste kommunane innan DOCG-området Brachetto d'Acqui.[3]