Abdullah Gül
From Wikipedia, the free encyclopedia
Abdullah Gül (fødd 29. oktober 1950 i Kayseri) var president i Tyrkia frå 2007 til 2014. Han høyrer til partiet AKP.
Abdullah Gül | |||
![]() | |||
Fødd | 29. oktober 1950 (73 år) Kayseri | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Tyrkia | ||
Parti | Adalet ve Kalkınma Partisi | ||
Yrke | politikar, diplomat, samfunnsøkonom | ||
Institusjonar | Sakarya University | ||
Utdanna ved | Kayseri Lyceum Istanbul University Faculty of Economics University of Exeter University of London University of Exeter Business School Universitetet i Istanbul | ||
Ektefelle | Hayrünnisa Gül | ||
Alle verv |
|
Gül har utdanning i økonomi frå Universitetet i Istanbul, med doktorgrad derfrå i 1983.[1] Han arbeidde som økonom ved den islamske utviklingsbanken i Jidda frå 1983 til 1991.[1]
Etter at AKP vann valet i 2002 var Gül var statsminister frå november 2002 til mars 2003.[1] Partileiaren Recep Tayyip Erdogan kunne ikkje verte statsminister fordi han var tidlegare straffedømd for religiøs verksemd. Då denne delen av grunnlova vart fjerna i 2003 trekte Gül seg som statsminister for at Erdogan skulle kunne ta over.[2] Gül vart vise-statsminister og utanriksminister i 2003 i Erdogans nye regjering. Som utanriksminister var Gül aktivt med i forhandlingane med EU om eit tyrkisk EU-medlemskap, noko han sjølv er tilhengjar av.
I april 2007 utnemnde regjeringa Erdogan Gül til sin kandidat for presidentposten, til harde protestar frå opposisjonen. Protestane kom i stor grad av Gül si fortid som islamist.[3][4] Gül vart vald til president 28. august 2007. 28. august 2014 tok Recep Tayyip Erdogan over embetet.