AC/DC Live
From Wikipedia, the free encyclopedia
AC/DC Live er det andre konsertalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC, gjeve ut 26. oktober 1992. Det kom ut to versjonar av albumet, ei enkelplate og ei dobbelplate, kjend som AC/DC Live: 2 CD Collector's Edition. Ein konsertfilm, AC/DC: Live at Donington, kom ut samstundes.[2] Dobbeltalbumet AC/DC Live: 2 CD Collector's Edition kom ut ein månad etter den enkle versjonen, i ei «bok» med to plater (i same form som gamle CD-longboxer) og med ein AC/DC-setel kjent som «Angus Bucks». Begge utgåvene av albumet vart gitt ut på nytt i 2003 som ein del av AC/DC Remasters-serien.
Meir informasjon -kronologi, Singlar frå ...
AC/DC Live Konsertalbum av AC/DC | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. oktober 1992 | |
Innspelt | 1991 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 1:11:12 (enkelplate) 2:12:08 (dobbelplate) | |
Selskap |
| |
Produsent | Bruce Fairbairn | |
AC/DC-kronologi | ||
---|---|---|
The Razors Edge (1990) |
AC/DC Live | Ballbreaker (1995)
|
Singlar frå AC/DC Live: 2 CD Collector's Edition | ||
|
Lukk