4 Vesta
Nest største asteroide i asteroidebeltet / From Wikipedia, the free encyclopedia
4 Vesta (symbol: ) er den nest mest massive lekamen i asteroidebeltet etter Ceres, med ein snittdiameter på omtrent 530 km, og utgjer sannsynlegvis 9 % av all masse i asteroidebeltet. Nokre forskarar meiner Vesta bør reknast som ein førplanet heller enn ein asteroide.[1][2]
Kjappe fakta Oppdaging, Oppdaga av ...
Vesta fotografert av romsonden Dawn | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Heinrich Wilhelm Olbers |
Oppdagingsdato | 29. mars 1807 |
Baneskildring | |
Epoke 14. juli 2004 (JD 2453200,5) | |
Aphel | 384,689 mill. km (2,571 AE) |
Perihel | 321,956 mill. km (2,152 AE) |
Eksentrisitet | 0,089 |
Banehelling | 7,133° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 468,3 km |
Masse | 2,701·1020 kg |
5,0 g/cm³ | |
0,39 km/s | |
0,2226 d | |
Albedo | 0,423 |
Lukk
Vesta miste rundt 1 % av massen under eit nedslag for mindre enn éin milliard år sidan. Mange fragment frå dette nedslaget har treft jorda som HED-meteorittar, ei rik kjelde til kunnskap om asteroiden. Vesta er den lysaste asteroiden, og den største avstanden frå sola er berre litt større enn snittavstanden til Ceres frå sola.
Romsonden Dawn gjekk eit bel i bane kring Vesta, før han reiste vidare til Ceres.