2101 Adonis
asteroide / From Wikipedia, the free encyclopedia
2101 Adonis er ein liten asteroide og ein av dei første nærjordsasteroidane som vart oppdaga. Asteroiden vart oppdaga av Eugene Delporte i 1936 og kalla opp etter Adonis. Ein trur 2101 Adonis er kring 1 km i diameter.
Kjappe fakta Oppdaging, Oppdaga av ...
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Eugene Delporte |
Oppdagingsdato | 12. februar 1936 |
Baneskildring | |
Aphel | 3.307 AU (494.673 Gm) |
Perihel | 0.441 AU (65.906 Gm) |
Eksentrisitet | 0.765 |
Banehelling | 1.349° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 0.5–1.2 km[1] |
Masse | 0.13–1.8×1012 kg |
0.0003–0.0006 km/s | |
Albedo | 0.20–0.04[1] |
Lukk
Asteroiden vart observert i to månader, men ikkje nok til at ein klarte å rekne ut banen, og han var tapt fram til han vart oppdaga på ny i 1977 av Charles T. Kowal.
Adonis var den andre Apollo-asteroiden som vart oppdaga (etter 1862 Apollo sjølv). Han kan vere ein sløkt komet og kan vere kjelda til somme meteorsvermar.[2]