< 200-talet > var hundreåret frå 200 til 299.
Dette hundreåret hadde Romarriket ei krise som byrja med mordet på keisar Severus Alexander i 235, etterfølgd av ein periode med økonomiske vanskar, barbarinvasjonar, politisk uro, borgarkrigar og oppdelinga av riket i Det galliske riket i vest og Det palmyrske riket i aust. Keisar Aurelian vann tilbake tapet område og riket hadde ein stabil periode under Diokletian, slik at krisa var over i 284. Denne krisa markerte byrjinga på seinantikken.
I Persia blei Partharriket etterfølgd av Sassanideriket i 224, etter at Ardashir I nedkjempa og drap Artabanus V under slaget ved Hormozdgan. Sassanidane la så under seg mange av dei vestlege delane til Kushanriket. I India voks Guptariket fram mot slutten av hundreåret.
I Kina fortsette kaoset frå føre hundreår, og riket blei delt i Dei tre kongedøma Wei, Wu og Shu.
- Maisdyrking spreidde seg frå Mexico til Nord-Amerika.
- Sør-Asia
- Pallava-dynastiet herska i Sør-India. Dei grunnla fleire hamnebyar langs Koromandelkysten og dreiv handel med Sri Lanka og Malaysia.
- Dei eldste byane blei grunnlagd på Deccanplatået.
- Den indiske ortodokse kyrkja voks i Sør-India.
- Sarnath blei eit buddhistisk kulturelt senter.
- Stordomstida til kongeriket Funan i noverande Kambosja under Fan Shih-man (ca. 205-225)
- Kina
- Han-dynastiet tok slutt i 220, då kongedømet Cao Wei tok over makta i Nord-Kina.
- Persarriket under sassanidane la ut på felttog for å ta tilbake område tapte til romarane (230–232)
- Romarriket gjekk gjennom ein kritisk fase med borgarkrig, invasjonar og økonomiske frå drapet på keisar Alexander Severus i 235 og fram til keisarane Claudius II, Aurelian og Diokletian innførte fredelegare tider mot slutten av hundreåret.
- Dei eldste runeinnskriftene er frå denne tida.
- Dei siste spora etter Stillehavskulturen Lapita og pottemakarkunsta deira er frå midten av dette hundreåret.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.