From Wikipedia, the free encyclopedia
Ž og ž (Z med hake) er ein bokstav brukt i fleire språk, ofte for å representere stemt postalveolar frikativ ([ʒ]), det stemte tilsvaret til sj-lyden.
I datasystemar er teikna, Ž and ž på Unicode-kodepunkt U+017D og U+017E, høvesvis. På Windows-datamaskinar kan ein skrive Alt+0142 (Ž) eller Alt+0158 (ž) for å få fram teikna.
Ž er den siste bokstaven i dei fleste alfabeta som inneheld han, unnateke mellom anna estisk og turkmensk.
Symbolet vart opphavleg nytta i 1600-talets tsjekkiske alfabet etter reformane hans Jan Hus. Det vart òg brukt i det nærskylde slovakiske språket. Ljudevit Gaj tok bokstaven inn i det kroatiske alfabetet frå tsjekkisk i 1830. Deretter vart han innført i dei slovakiske, slovenske, serbiske og bosniske alfabeta. Seinare vart bokstaven òg brukt i alfabeta til dei baltiske, nokre uralske og andre språk.
Ž er den 19. bokstaven i det nordsamiske alfabetet og står for lyden [d͡ʒ]. Han er den 20. bokstaven i det estiske alfabetet, der han er brukt i lånord. Bokstaven er òg brukt sporadisk i finsk, men er berre rekna som ein variant av z, ikkje ein eigen bokstav. Bruken er avgrensa til lånord og romanisering av mellom anna russisk og andre ikkje-latinske alfabet. Det er mogleg å erstatte ž med zh i estisk og finsk viss det er teknisk umogleg å bruke ž.[1]
Ž er den 42. bokstaven i det tsjekkiske alfabetet, den 46. i det slovakiske, den 25. i den slovenske, det 27. i det sorbiske og den 30. i dei kroatiske og bosniske alfabeta. I dei latinske versjonane av serbisk, montenegrinsk og makedonsk er han òg den 30. bokstaven, og han vert brukt i det kviterussiske latinske alfabetet.
Berre sjeldan vert han brukt i latinske versjonar av russisk, ukrainsk, kviterussisk og bulgarsk.
I dei fleste av desse språka representerer ž ein stemt postalveolar frikativ /ʒ/ utanom i transliterasjon av kyrillisk Ж i russisk. Der representerer han ein stemt retrofleks frikativ /ʐ/.
Ž er den 32. bokstaven i det litauiske alfabetet og den 33. i det latviske.
Ž er:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.