Øystein Ore
From Wikipedia, the free encyclopedia
Øystein Ore (fødd 7. oktober 1899 i Oslo, død 13. august 1968) var ein norsk-amerikansk matematikar som var bror av fysikaren Aadne Ore.
Øystein Ore | |||
![]() | |||
Fødd | Øystein Mikaelsson Ore 7. oktober 1899 Christiania, Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 13. august 1968 Oslo, Bærum kommune | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Område | kombinatorikk, gitter, matematikk, abstrakt algebra, grafteori, talteori, matematikkens historie | ||
Yrke | matematikar, matematikkhistorikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Yale University Universitetet i Oslo | ||
Alma mater | Universitetet i Oslo Universitetet i Göttingen Oslo katedralskole | ||
Doktorgradsrettleiar | Thoralf Skolem | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi American Academy of Arts and Sciences |
Ore vart i 1927 professor ved Yale University i USA. I ung alder publiserte Ore fleire arbeid om algebraisk talteori som på vesentleg punkt kompletterte pionerarbeidet til Julius Wilhelm Richard Dedekind. Dette førte mellom anna til at han vart medutgjevar dei samla verka til Dedekind saman med Fricke og Noether. Seinare medverka han mykje til forskjellige delar av algebraen, særskild den såkalla lattice-teorien, som han var med på å grunnlegge.
Ore gav ut fleire bøker, mellom anna biografien Niels Henrik Abel – et geni og hans samtid i 1954.
Øystein Ore hadde heile livet ei sterk interesse for Noreg. Han var ofte på ferie i heimlandet og var aktiv i Nordmannsforbundet. Under og etter andre verdskrigen engasjerte han seg sterkt i støtte- og hjelpearbeidet for Noreg, spesielt med å skaffe medisinar og hospitalutstyr til gjenoppbygginga av helsevesenet. Han var styremedlem i organisasjonen Relief for Norway 1941–1947 og medstiftar av og seinare formann i foreningen Fritt Norge. For denne verksemda og for den vitskaplege innsatsen vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1947.