From Wikipedia, the free encyclopedia
Øyredobb eller øyredobbe er ein type smykke som ein set fast i øyret gjennom ein piercing. «Dobb(e)» (av norrønt doppa, frå lågtysk doppe, 'rundt skal, knopp, knapp') tyder ein rundvoren, hengande pynteting.[1] Ein ringforma øyredobb blir gjerne kalla øyrering.[2]
Ein bruker ofte smykka parvis med like øyredobbar i kvart øyre, men dei kan også brukast asymmetrisk. Ein øyredobb kan vera liten og berre sitja på øyra, eller større og då gjerne hengande. Ulike delar av øyredobbar kan vera laga av mange ulike materiale, som metall, plast, glas, tre, bein, perler og smykkesteinar.
Den vanlegaste staden å bera ein øyredobb er i øyreflippen, men mange delar av øyret kan brukast. Piercingar gjennom brusk i andre delar av øyret enn øyreflippen er meir komplekse, og har større risiko for infeksjon og komplikasjonar.[3]
Øyrepiercing er ei av dei eldste formene ein kjenner for kroppsmodifikasjon, og det finst referansar til bruk av øyredobbar sidan oldtida. Mumien til farao Tutankhamon av Egypt hadde til dømes hol i øyrene, og det blei funne øyredobbar i gravkammeret hans.[4] I Den minoiske sivilisasjonen (2000–1600 f.Kr.) brukte ein øyreringar i gull, sølv og bronse, og døme på bruk er avbilda på fresker på Santorini. Seint i den minoiske og tidleg i den mykenske kulturen var øyreringar med koniske hengeornament utbreidde.[5]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.