Vatikanmusea
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vatikanmusea | |||
| |||
Stad | Vatikanstaten | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1506 | ||
Direktør | Barbara Jatta[1] | ||
Vatikanmusea 41.906388888889°N 12.454444444444°E / 41.906388888889; 12.454444444444 |
Vatikanmusea (italiensk Musei Vaticani) er ei gruppe museum i Vatikanstaten i Roma i Italia. Dei omfattar fleire museum innanfor grensene til Vatikanet. Musea viser verk frå ei veldig kunstsamling som er blitt samla av ulike pavar gjennom hundreåra, inkludert ei rekkje av kjende klassiske skulpturar og dei viktigaste meisterverka innan renessansekunst.
Musea blei grunnlagde tidleg på 1500-talet av pave Julius II. Det sixtinske kapellet med det kjende takmåleriet av Michelangelo og Stanze della Segnatura («Rafaels rom») dekorert av Rafael er på den faste besøksruta gjennom Vatikanmusea. Vatikanmusea er eit av dei største kunstmusea i verda. I 2017 hadde musea 6 millionar vitjande, som til saman gjorde det til det fjerde mest vitja kunstmuseet i verda.[2][3]
Musea omfattar 54 galleri, eller salas. Det sixtinske kapellet er den siste salaen i musea. Vatikanmusea er ikkje berre kunstmuseum, men består òg av gjenstandssamlingar. Til saman omfattar deistore mengder skriftleg materiale, kunst og andre gjenstandar. Musea har rundt 70 000 verk, med 20 000 på utstilling.[4] Det har rundt 640 tilsette som arbeider i 40 ulike administrative, forskings- og restaureringsavdelingar.[5]