Tennessee Williams
From Wikipedia, the free encyclopedia
Thomas Lanier Williams III, betre kjend som Tennessee Williams (26. mars 1911–25. februar 1983), var ein amerikansk dramatikar. Saman med samtidige Eugene O'Neill og Arthur Miller er han rekna som ein av dei tre fremste nittenhundretalsdramatikarane i USA.[1]
Kjappe fakta
Tennessee Williams | |
Verkeleg namn | Thomas Lanier Williams III |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 26. mars 1911 Columbus |
Død |
25. februar 1983 (71 år) |
Yrke | skodespelforfattar, romanforfattar, manusforfattar, lyrikar, skribent |
Sjanger | spoken drama |
Medlem av | American Academy of Arts and Letters, American Academy of Arts and Sciences |
Far | Cornelius Coffin Williams |
Mor | Edwina Estelle Dakin |
Tennessee Williams på Commons |
Lukk
Williams er best kjend for dei filmatiserte skodespela sine En sporvogn til begjær (A Streetcar Named Desire) frå 1947 og Katt på hett blikktak (Cat on a Hot Tin Roof) frå 1955. Begge skodespela finn stad i Sørstatane i USA og skildrar lidenskaplege kvinner.