Tammerfors kunstmuseum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Tammerfors kunstmuseum (finsk Tampereen taidemuseo) er eit kunstmuseum i Tammerfors i Finland.[1] Museet vart etablert i 1931 av Tammerfors Konstförening. Museet blir sidan 1985 drive av Tammerfors kommune.[2] Museet held til i eit tidlegare kornmagasin i bydelen Amuri. Bygninga er frå 1838 og er teikna av Carl Ludvig Engel. Magasinet vart ombygd til museum i 1931 av etter teikningar av Hilja Gestrin.
Tammerfors kunstmuseum | |||
| |||
Stad | Tammerfors | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1931 | ||
Tammerfors kunstmuseum 61.4986°N 23.7439°E / 61.4986; 23.7439 |
Dei fem mest representerte kunstnarane i samlingane til museet er Tove Jansson (1919 verk, mest teikningar, men også nokre måleri og tablå frå mummiverda), Janssons sambuar Tuulikki Pietilä (545 verk), Magnus Enckell (303 verk), Kalle Löytänä (299 verk) og Matti Petäjä (236 verk).[3]
Mummimuseet vart i 2012/13 flytta til kunstmuseet, etter at det sidan 1987 hadde hatt tilhald i Tammerfors bibliotek.[4][5] Planen var at det skulle flyttast vidare til kulturhuset Tammerforshuset i 2016.[6]