Snorleik
From Wikipedia, the free encyclopedia
Snorleik er ein leik der ein lagar ulike figurar med ei snor som er samanknytta i endane og som ein lagar ulike figurar med på hendene. Denne leiken blir gjerne utført parvis ettersom ein får større variasjon om ein kan nytta fire hender. Gjennom å halda snora på ulike måtar med fingrane kan ein skapa ulike mønster, som «vogge», «fisk på fat» og «hage». Nokre gonger kan ein laga figurane i lag med ei fast tilknytt forteljing. Snorleiken er svært gammal, og er utbreidd over heile verda.[1][2] Nokre av dei kjende mønsternamna kjem frå navajofolk i Nord-Amerika.[2]