Skallesaum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein skallesaum eller skallesutur (av latin suturae cranii) er eit fibrøst ledd som berre finst i hovudskallen, og som er samanknytt av Sharpeys fibrar. Saumane bidreg til små rørsler, som igjen betrar compliance og elastisitet i skallen. Ledda i skallen er synartrosar.[1][2] Det er vanleg at mange av knoklane i skallen ikkje er samansmelta ved fødsel. Samansmeltinga av desse knoklane blir kalla kraniosynostose.[3] Omgrepet «fontanell» blir brukt for å skildre dei resulterande blaute områda hjå foster før forbeining.[4] Posisjonen på knoklane held fram med å endra seg gjennom livet, og kan dimed vere viktig i kriminalteknikk og arkeologi. Alderdom kan føre til at saumane blir fullstendig forbeina.
- Denne artikkelen handlar om ledda mellom knoklane i hovudskallen. For sting som held veva saman, sjå kirurgisk sutur. For dei naturlege strukturane som finst hjå mange dyr, sjå sutur i anatomi.
Ledda mellom tennene og leddet mellom underkjeven og hovudskallen, kjeveleddet, er dei einaste ledda i hovudskallen som manglar saumer.