Samtalerobot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein samtalerobot eller praterobot, engelsk chatbot,[1] er ein programvareapplikasjon som blir brukt til å gjennomføre ein nettprat via tekst eller tekst-til-tale. Samtalerobotar er dataprogram som er i stand til å halde oppe ein maskin-menneske-samtale med ein brukar på naturleg språk, forstå intensjonen deira og svare basert på førehandsinnstilte reglar og data. Systema er utforma for å simulere måten eit menneske ville oppføre seg som ein samtalepartnar.
Samtalerobotar blir brukte til kundeservice, sortering og vidaresending av førespurnader, informasjonsinnhenting og liknande. Medan nokre applikasjonar bruker omfattande ordklassifiseringsprosessar, prosessorar med naturleg språk og sofistikert kunstig intelligens (KI), søkjer andre ganske enkelt etter generelle nøkkelord og genererer svar ved å bruke vanlege setningar henta frå eit tilknytta bibliotek eller database.
Mange moderne samtalerobotar er tilgjengelege i nettlesar, ofte via mindre dialogboksar, andre er utforma som virtuelle assistentar i eigne applikasjonar. Dei kan klassifiserast i brukskategoriar som handel, utdanning, underhaldning, finans, helse, nyhende og produktivitet.[treng kjelde]