Musculus latissimus dorsi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Musculus latissimus dorsi (frå latin: latissimus - «breiaste», dorsi - «som høyrer til ryggen»), på norsk òg kalla den breie ryggmuskelen[1], er ein brei, flat, trekanta ryggmuskel som ligg på ryggflanken og strekkjer seg opp til brystkassa for å vere ein del av den bakre aksillefolden. Han er delvis dekt av m. trapezius i torakalregionen.
Kjappe fakta
Musculus latissimus dorsi | |
---|---|
M. latissimus dorsi | |
Norsk namn | Den breie ryggmuskelen |
Gray's | subject #121 432 |
Utspring | Ryggtaggane processi spinosi T7-L5, crista sacralis mediana, fascia thoracolumbalis, hoftekammen crista iliaca, nedste 3-4 costae og angulus inferior scapulae. |
Feste | Crista tuberculi minoris humeri |
Arterie | A. thoracodorsalis som greiner seg frå a. subscapularis, som kjem frå a. axillaris |
Nerve | N. thoracodorsalis eller N. subscapularis, som kjem frå plexus brachialis. |
Rørsle | Ekstenderer og innoverroterer overarmsbeinet, humerus. |
Antagonist | M. deltoideus og m. trapezius |
Lukk
Muskelen blir rekna som ein overarmsmuskel som har migrert til ryggen. Han er med det ikkje ein del av dei eigentlege ryggmusklane.