Leonardo da Vinci
From Wikipedia, the free encyclopedia
Leonardo da Vinci (15. april 1452–2. mai 1519) er eit av dei mest kjente universalgenia i verda, og han markerte seg som mellom anna ingeniør, anatom, målar, bilethoggar, musikar, arkitekt, zoolog, filosof, astronom, og paleontolog.
Leonardo da Vinci | |||
| |||
Fødd | Leonardo di ser Piero da Vinci 15. april 1452 Anchiano | ||
---|---|---|---|
Død | 2. mai 1519 Amboise | ||
Nasjonalitet | Den florentinske republikk | ||
Område | Renessansearkitektur, scenografi, ingeniørvitskap, fysiologi, målarkunst | ||
Yrke | kunstmålar, ingeniør, astronom, filosof, anatom, matematikar, bilethoggar, polyhistor, arkitekt, sivilingeniør, diplomat, oppfinnar, komponist, fysikar, fysiolog, botanikar, kjemikar, zoolog, karikaturteiknar, vitskapsperson, bygningstegner, designar, skribent, biletkunstnar | ||
Institusjonar | Ludovico Sforza Cesare Borgia | ||
Alma mater | Universitetet i Firenze | ||
Signatur |
Han vart fødd utanfor ekteskap den 15. april 1452, i småbyen Vinci i Toscana nær Firenze i Italia, og skal alt som ung ha vist lovande talent. Far hans, advokaten Ser Piero da Vinci, såg at sonen var eit flogvit, og sendte han i ca. 1466 til Firenze for å studere som lærling under målaren og bilethoggaren Andrea del Verrocchio. Der utvikla han fort sin eigen målarstil, ein stil karakterisert av subtile fargar og diffuse skuggar.
Leonardo da Vinci reiste i ca. 1482 til Milano, der hertugen av Milano tok han inn som målar og ingeniør. Her fullførte han seks måleri, og vart òg konsultert om arkitektur og militære forhold. Det var i denne perioden at Leonardo da Vinci fekk interesse for geometri, og han fann etter kvart blant anna fleire metodar for å kvadrere ein sirkel. Han skreiv òg ei bok om den elementære teorien i mekanikk, og ho vart gjeve ut i ca. 1498.
Etter overfallet frå franskmennene i 1499 flytta han tilbake til Firenze, og ikkje lenge etter, i perioden 1503–1506, måla han det som skulle bli eit av dei mest kjente måleria i verda, nemleg Mona Lisa.