Firenze
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Firenze (latin Florientia, kalla Florence, Florens og liknande på mange andre språk) er ein by i Italia ved elva Arno. Han er hovudstad i provinsen Firenze og i regionen Toscana og har om lag 377 207 innbyggjarar, medan storbyområdet har over 500 000.
Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...
Firenze | |||
---|---|---|---|
Domkyrkja i Firenze | |||
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land Region Provins |
Italia Toscana Firenze | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
102 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2013) - folketettleik |
377 207 3698/km² | ||
Koordinatar | 43°46′N 11°15′E | ||
Høgd over havet | 50 m | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 50100 | ||
Telefon-retningsnummer | 0 184 | ||
Nettstad: www.comune.firenze.it |
Lukk
Byen vert rekna som fødestaden til den italienske renessansen. Firenze var frå 1865 til 1870, etter samlinga av Italia, hovudstad i landet. Byen var lenge dominert av den mektige Medici-familien (1434-1494, 1512-1527 og 1530-1737). I mellomalderen var Firenze eit handelssentrum i Europa.
Firenze er kjend for all den flotte kunsten og arkitekturen og har vorte kalla «mellomalderen sitt svar på Aten». Det historiske sentrumet av Firenze vart erklært verdsarvstad av UNESCO i 1982.