Lascaux
From Wikipedia, the free encyclopedia
Lascaux er eit gods ved Montignac i Dordogne i Frankrike der fire gutar i 1940 fann ei hole med holemåleri som er 15 000–17 000 år gamle.
Lascaux er ein kalksteinsås frå den yngre krittida og hola skil seg ut frå andre grotter i området ved at ho er djup og «tørr». Takka vere eit lag med leire har ikkje vatn klart å trenge inn gjennom den porøse bergarten. Dette har verna veggmåleria i tida fram til dei blei oppdaga.