Krittida
From Wikipedia, the free encyclopedia
Krittida er ein geologisk periode som varte frå slutten jura for 145,5 ± 4 millionar år sidan til byrjinga av paleocen for 65,5 ± 0,3 millionar år sidan. Han er den yngste perioden i æraen mesozoikum og med ei lengd på 80 millionar år er han den lengste perioden i eonet fanerozoikum. Slutten av krit er definert som grensa mellom mesozoikum og kenozoikum.
Krittida 145.5–65.5 millionar år sidan | |
Gjennomsnittleg O2-innhald i perioden | ca. 30 vol %[1] (150 % av dagens nivå) |
Gjennomsnittleg CO2-innhald i atmosfæren i perioden | ca. 1700 ppm[2] (6 gonger førindustrielt nivå) |
Middeltemperaturen ved jordoverflata i perioden | ca. 18 °C [3] (4 °C over dagens nivå) |
Hendingar i krit -140 — – -130 — – -120 — – -110 — – -100 — – -90 — – -80 — – -70 — – Ein tilnærma tidsskala for hendingar i krittida. Skala: Millionar år sidan. |
Krittida har namn etter krit.[4] Ho vart først definert som ein eigen periode av den belgiske geologen Jean d'Omalius d'Halloy i 1822 ved hjelp av strata i Parisbekkenet[5] og kalla opp etter dei omfattande kalklaga (kalsiumkarbonat-avleiringar av skjel frå virvellause sjødyr, hovudsakleg coccolittar) i øvre krit-lag i på det europeiske kontinentet og på Dei britiske øyane.
Kritsystemet er bergartar avsett i krit.