Jim Crow-lovane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jim Crow-lovane var ei rekkje lovar som gjaldt i fleire amerikanske delstatar mellom 1876 og 1965, særleg i Sørstatane.[1][2] Lovane innebar rasemessig segregering, gjennom å påby at dei offentlege områda der «svarte» og «kvite» kunne ferdast skulle haldast skilde. Dette gjaldt til dømes skular, sjukehus, offentleg transport, restaurantar og hotell. I realiteten innebar lovane, sjølv om dei gav uttrykk for at svarte og kvite var likeverdige, at svarte vart utsette for omfattande diskriminering med omsyn til utdanning, økonomi og levesett.[3][4][5]
Jim Crow-lovane vart avvikla gradvis etter 1954, då høgsteretten i USA erklærte ei rekkje raseskiljelovar grunnlovsstridige.[6][7][8] Dei siste lovane vart oppheva i 1964 og 1965 gjennom Civil Rights Act of 1964 og Voting Rights Act of 1965.