In Your Eyes av Peter Gabriel
sang av den engelske singer-songwriteren og rockemusikeren Peter Gabriel (1986) / From Wikipedia, the free encyclopedia
«In Your Eyes» er ein song av den britiske musikaren Peter Gabriel frå albumet So frå 1986. Med seg har han Youssou N'Dour som syng på wolof i refrenget. Songen nådde toppen av Billboard Mainstream Rock Tracks i USA og 26. plass på Billboard Hot 100 i november 1986.[1] Songen vart ikkje gjeven ut som singel i Storbritannia.
In Your Eyes Singel av Peter Gabriel frå albumet So | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. september 1986 | |
Innspelt | 1985 | |
Sjanger |
| |
Lengd | 5:29 (album og 7") 6:15 (12"-miks) 7:14 (12" special mix) 4:58 (7" promo special mix) | |
Selskap | Geffen | |
Komponist | Peter Gabriel | |
Tekstforfattar | Peter Gabriel | |
Låtskrivar(ar) | Peter Gabriel | |
---|---|---|
Produsent | Peter Gabriel, Bill Laswell og Daniel Lanois | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
«Don't Give Up» (1986) |
In Your Eyes | «Big Time» (1986)
|
Songen vart spela som siste song på Secret World-turneen og er den siste songen på konsertalbumet Secret World Live frå 1994 med ein 11 minuttar lang versjon.
I 2005, etter 19 år, hadde songen seld til gullplate i USA.[2]
Traileren for filmen Benny & Joon frå 1993 nytta denne songen.[3] Songen vart nytta i ein episode av Cold Case og i filmen The Rocker frå 2008. Samplingar frå songen er å høyre på Girl Talk-albumet «All Day».
Songen vart nytta to gonger i Cameron Crowe-filmen Say Anything... frå 1989, og i traileren til filmen. I ein kjend scene frå filmen held Lloyd Dobler ein kassettspelar over hovudet medan han spelar denne songen utanfor soveromsvindauget til ekskjærasten Diane Court i eit forsøk på å vinne ho attende. Etter filmen gjekk singelen inn på lista i USA att. Scenen har vorte parodiert i fleire komishow sidan, mellom anna i American Dad og South Park.