Gjøvik kyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gjøvik kyrkje er ei langkyrkje i tre i Gjøvik kommune. Ho har om lag 500 sitjeplassar.[1]
Gjøvik kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Gjøvik | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Toten | ||
Sokn | Vardal | ||
Fellesråd | Gjøvik | ||
Arkitekt | Jacob Wilhelm Nordan | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1. november 1882 | ||
- Endringar | 1927, 1960 | ||
Tårn | I vest | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | J.C.C. Aschenbach | ||
Døypefont | Søren Lexow-Hansen (men ein nyttar ei bronseavstøyping) | ||
Altartavle | Asta Nørregaard, 1883 | ||
Orgel | Åkerman & Lund, 2007 | ||
Sitjeplassar | 500 | ||
Gjøvik kyrkje 60.79806389°N 10.68776667°E / 60.79806389; 10.68776667 | |||
Wikimedia Commons: Gjøvik kirke | |||
Kyrkja vart teikna av Jacob Wilhelm Nordan og oppført i 1881–82. Ho avløyste Gamle Hunn kyrkje, som var oppført så seint som i 1821, og som langt frå var falleferdig.
Kyrkja vart rett nok liggjande utanfor kommunegrensa (i det som då var Vardal kommune) då Gjøvik by vart kjøpstad i 1861, men den nye kommunen hadde ei minneleg avtale med Vardal om bruk av kyrkja.[2] Ny Gjøvik kyrkje vart finansiert med gåver, og det vart stilt som vilkår at gamlekyrkja skulle rivast og materialar brukast om att.[3] På den gamle kyrkjestaden er det framleis gravplass, og det er oppført eit gravkapell med krematorium der. Dagens Gjøvik kyrkje er nede i byen. Under bygginga av den nye kyrkja raste det uferdige kyrkjetårnet saman i ein storm i jula 1881.[4] Gjøviks Blad skrev om nykyrkja like etter denne hendelsen: «Hvis bare tårnet man får til å stå, den ferdig og prektig snart kneiser.»[5]
Kyrkjebygg og inventar er utprega nygotisk med fargekontrastar mellom veggflater og berande strukturar (samt hjørnemarkeringar). Kyrkja er mellom anna kjent for at oppdraget med å måle altarbiletet var det fyrste slike oppdraget i Norge som gjekk til ei kvinne, Asta Nørregaard.[6] Tavla vart ferdig året etter kyrkjevigslinga. Kyrkja fekk nytt orgel i 2007. Det har 44 stemmer og er bygd av Åkerman & Lund i samarbeid med Norsk orgelverksted.[7]
Det er ikkje kyrkjegard attmed kyrkja, men området framom er laga til som ein park. Ikkje langt frå hovudinngangen står eit monument over misjonæren, folkloristen og lingvisten Paul Olaf Bodding.
Gjøvik kyrke er prostikyrkje i Toten prosti.