Gesta Danorum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Gesta Danorum eller Danenes bedrifter er eit verk av den danske mellomalderskrivaren og historikaren Saxo Grammaticus (Saxo den lærde) som tek for seg dansk historie. Verket er difor òg kjent som Saxos Danmarkshistorie, Saxos Danmarkskrønike, Danmarks Riges Krønike eller Saxos Krønike. Verket blei skrive på klosteret i Sorø i Danmark. Gesta Danorum er det mest ambisiøse litterære verket i dansk mellomalder om dansk historie. Det er den viktigaste kjelda til Danmark si eldste historie, og bidrog til å definera identiteten til nasjonen. Det er òg eit av dei eldste kjende skriftlege dokumenta som omtalar historia til Estland og Latvia.[1][2]
Verket består av seksten handskrivne bøker på latin, framstilt på oppmoding frå Absalon, erkebiskop i Lund. Gesta Danorum skildrar dansk historie, og til ei viss grad òg skandinavisk historie, frå ei legendarisk forhistorie som byrjar med sogekongen Dan og går fram til 1185. Ho sluttar med at Danmark overvinn vendarane, eit slavisk folk i sør. I tillegg gjev Gesta Danorum enkelte refleksjonar kring europeiske affærar i mellomalderen frå eit unikt skandinavisk perspektiv, som kjem som eit tillegg til det som er overlevert frå samtidshistorikarar i Vest- og Sør-Europa.