Flimmerdyr
rekkje av urdyr som er særmerkt av flimmerhår / From Wikipedia, the free encyclopedia
Infusjonsdyr, flimmerdyr eller ciliatar er ei biologisk rekkje av eincella organismar som lever nesten overalt der det finst vatn. Dei er kjenneteikna av at dei har to ulike slags cellekjernar og er kledd med flimmerhår, anten heile livet eller, hjå klassen Suctoria, berre i ungdomsstadia.[1] Organismane kan bruka flimmerhåra til å symja, kravla, føla, ta inn mat og halda seg fast.
Flimmerdyr | |
Systematikk | |
Rike: | Det gule riket Chromista |
Underrike: | Harosa |
Infrarike: | Halvaria |
Rekkje: | Flimmerdyr Ciliophora Doflein, 1901 |