Electronicamusikaren James Murphy
From Wikipedia, the free encyclopedia
James Jeremiah Murphy[2] (fødd 4. februar 1970) er ein USA-amerikansk musikar, DJ, songar, låtskrivar og plateprodusent. Det mest kjende prosjektet hans er LCD Soundsystem, som først vart kjend med singelen «Losing My Edge» i 2002 før dei gav ut det sjølvoppkalla debutalbumet sitt i februar 2005 til god kritikk. Det andre og tredje albumet til LCD Soundsystem, Sound of Silver (2007) og This Is Happening (2010) fekk òg god kritikk.[3][4][5][6][7][8] Begge albuma nådde topp 50 på Billboard 200.[9]
James Murphy | |||
Murphy som ein del av LCD Soundsystem i juni 2016. | |||
Fødd | 4. februar 1970 (54 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Princeton Junction i New Jersey i USA[1] | ||
Fødenamn | James Jeremiah Murphy | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1988 | ||
Sjanger |
| ||
Instrument |
| ||
Tilknytte artistar |
| ||
Plateselskap | DFA | ||
Verka som |
|
LCD Soundsystem vart kåra til ein av Rolling Stone sine New Immortals—«for tida aktive (eller berre nyleg nedlagde) artistar som dei trudde ville stå tidstesten.»[10] I 2011 vart det annonsert at LCD Soundsystem kom til å oppløysast etter ein siste konsert 11. april 2011 i Madison Square Garden. Åre etter følgde Murphy andre kunstnariske prosjekt, somme av dei musikkrelaterte og andre ikkje. Tidleg i 2016 kom bandet saman att og spelte på Coachella-festivalen, og gav ut det fjerde albumet sitt, American Dream.