Costco
eit amerikansk selskap som opererer ein varehusklubb for medlemmer / From Wikipedia, the free encyclopedia
Costco Wholesale Corporation (ofte berre Costco) er eit amerikansk multinasjonalt selskap som driv ei kjede av store butikkar med medlemskap (varehusklubb).[4] I 2023 var Costco den tredje største detaljhandelforhandlaren i verda,[5] og i 2016 var selskapet den største forhandlaren i verda av storfekjøtt, økologisk mat, grillkylling og vin.[6] Costco er rangert som nummer 11 på Fortune 500-rankinga over dei største amerikanske selskapa etter total omsetning.[7]
Costco | |||
| |||
| |||
Org.form | Aksjeselskap | ||
---|---|---|---|
Bransje | Detaljhandel | ||
Skipa | 1983 | ||
Hovudkontor | Issaquah i Washington | ||
Land | USA | ||
Produkt | cash and carry | ||
Grunnleggjar(ar) | James Sinegal, Jeffrey Brotman | ||
Adm.dir. | W. Craig Jelinek (1. januar 2012)[1][2] | ||
Salsinntekter | 6 708 000 000 USA-dollar (2021)[3] | ||
Omsetnad | 6 708 000 000 USA-dollar (2021)[3] | ||
Resultat | 5 844 000 000 USA-dollar (2022)[3] | ||
Nettstad | https://www.costco.com/ (engelsk) |
Costco sitt verdsomspennande hovudkontor ligg i Issaquah, Washington, ein forstad aust for Seattle, sjølv om varemerket Kirkland Signature ber namnet på det tidlegare hovudkontoret til selskapet i Kirkland. Selskapet opna sitt første varehus (warehouse: nemninga til kjeda på utsalsstadene) i Seattle i 1983.[8][9] Likevel, gjennom fusjonar går historia til Costco tilbake til 1976, då den tidlegare konkurrenten Price Club vart grunnlagd i San Diego i California.[10][11][12] Per september 2023 har Costco 861 varehus over heile verda:[13] 591 i USA, 107 i Canada, 40 i Mexico, 33 i Japan, 29 i Storbritannia, 18 i Sør-Korea, 15 i Australia, 14 i Taiwan, fem i Kina, fire i Spania og to i Frankrike, i tillegg til eitt på Island, eitt i New Zealand og eitt i Sverige.[13][14]