Angloamerikansk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Angloamerikansk eller amerikansk engelsk er eit sett med engelske dialektar som for det meste blir bruka i Sambandsstatane. Omtrent to tredelar av dei med engelsk som morsmål bur i USA.[1]
Bruken av engelsk i USA kom ved den britiske koloniseringa. Den fyrste bølgja av engelsktalande nybyggarar kom til Nord-Amerika på 1600-talet. På den tida var det også nederlandsk-, fransk-, tysk-, norsk-, spansk-, svensk, skotsk-, walisisk-, irsk-, skotsk-gælisk- og finsk-talande og ei rekke innfødde språk i Nord-Amerika.