Åttekantkyrkje
From Wikipedia, the free encyclopedia
Åttekantkyrkje eller oktogonal kyrkje er eit kyrkjebygg der grunnplanet er ein rein oktogon, eller der berre sjølve skipet er ein oktogon som er kombinert med tilbygg (armar) for kor og våpenhus (slike tilbygg kan gje heile bygget ei meir langstrakt form som ei langkyrkje) eller der oktogonen har armar til fire sider (som i ei krosskyrkje).[1]
Det åttekanta grunnplanet gjev betre synskontakt mellom tverrarmane og koret enn dei krossforma kyrkjene.[2] Kyrkjeforma vart vanleg frå omkring 1700 med Hospitalskyrkja i Trondheim som den eldste.[3]Det var innanfor Nidaros bispedømme åttekantforma først vart vanleg, og dei fleste åttekantkyrkjene var oppført av lafta tømmer.[4]
Blant åttekantkyrkjene finn ein også nokre av landets største kyrkjebygg (dei tre største åttekantkyrkjene er alle i stein):
- Røros kyrkje 1640 sitjeplassar
- Trefoldighetskyrkja i Oslo, 1 000 plassar (tidlegare 1 200)
- Vang kyrkje i Ridabu, Hamar, 1 000 plassar
- Sør-Fron kyrkje, 750 plassar
- Tynset kyrkje, 700 plassar[5]
- Åmot kyrkje i Nord-Torpa, 700 plassar
- Flekkefjord kyrkje, 650 plassar[6]
- Stor-Elvdal kyrkje, 600 plassar
- Dolstad kyrkje i Vefsn, 500 plassar