![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/39/Air_ostmarka.jpg/640px-Air_ostmarka.jpg&w=640&q=50)
Østmarka
From Wikipedia, the free encyclopedia
Østmarka er eit skogområde som ligg aust for Oslo. Området er ein del av Oslomarka og ligg i kommunane Oslo, Lørenskog, Rælingen og Enebakk. Østmarka er avgrensa i vest av busetnadane i Oslo, i nord av busetnadane rundt Skårer, Lørenskog og Rælingen, av innsjøen Øyeren i aust, Enebakk i søraust og Sørmarka i sørvest. I sør går Østmarka over til å verte Sørmarka ved innsjøen Langen.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/80/%C3%98stmarka.jpg/640px-%C3%98stmarka.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/39/Air_ostmarka.jpg/640px-Air_ostmarka.jpg)
Østmarka er prega av at ho er danna av gammalt grunnfjell (meir enn 1000 millionar år gammalt) med tydelege foldingar som dannar dalar og åsar frå nord mot sør. Dette fører til at det vert mykje bakkar same kva veg ein tar.
Den siste istida har sett tydleg preg på Østmarka. Langs den øvre marine grensa (om lag 210 meter) har isen lagt igjen store mengder grus og sand. Sand, Sandbakken, Sandbekken og Grusbakken ligg på ganske same høgd. Sandtaka ved Ødegården er det isen som har danna. Det er funne strandsniglar ved Lutvann i 200 meters høgd.