Østjylland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Østjylland er den austlege delen av halvøya Jylland med Aarhus som den største byen.
Østjylland har aldri vore ein administrativ region. Området er tradisjonelt avgrensa mot nord av Mariager Fjord og mot sør av Kolding Fjord eller grensa til Sønderjylland. Andre grenser er meir uklare. Grensa mot Vestjylland går tradisjonelt ned gjennom Jylland langs hovedvej 13, tidlegare hærvejen, og den jyske højderyg, der den omtrent følger grensa mellom dialektene østjysk og vestjysk.
Østjylland overlappar delvis med dei nyare omgrepa Midtjylland og Sydjylland. Nokre oppfattar såleis Silkeborg (og især Viborg) som Midtjylland, andre som Østjylland eller som begge delar. Mot sør vil langt dei fleste rekne Horsens til Østjylland, medan Vejle og Kolding kan bli rekna til Øst- og/eller Sydjylland.
Endeleg kan ein i geografisk forstand tale om ein østjysk landskapsform og købstadstype, som strekker seg frå Hobro til Egernførde og Kiel.
Det tidlegare Århus Amt, omtrent svarande til Århus Stift, var identisk med dekningsområdet for TV 2/Østjylland og DR's Østjyllands Radio.