Ølet Chimay
belgisk trappistøl / From Wikipedia, the free encyclopedia
Chimay er eit belgisk trappistøl som har vorte brygga i klosteret Abbaye Notre-Dame de Scourmont i Chimay i Vallonia i Belgia sidan 1862. Det er ein av sju øltypar som får bruka nemninga «trappistøl». Bryggeriet produserer tre variantar for kommersielt sal og éin variant berre for munkane. Bryggeriet vart modernisert i 1988 og produserte i 2005 120 000 hektoliter i året. Sidan 1876 har klosteret òg laga ost, og sel for tida fire ostetypar.