![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/db/Aesop-fables-rare-Book-bookcover.jpg/640px-Aesop-fables-rare-Book-bookcover.jpg&w=640&q=50)
Æsops fablar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Æsops fablar, Esops fablar eller på latin Aesopica (gresk Μῦθοι Αἰσώπειοι) er ei samling moralske forteljingar eller fablar frå den greske antikken som ifølgje folketradisjonen opphavleg skal ha blitt fortald av Æsop, ein frygisk slave som levde på øya Samos frå 620 til 560 f.Kr. Dei korte, poengterte fablane handlar ofte om dyr med menneskelege eigenskapar, men òg om folk, plantar og naturkrefter, og representerer folkeleg vidd og livsvisdom. Dei er både underhaldande og preikande, og har blant anna blitt nytta som moralske lærestykke i barneoppsedinga. Fablane blei fyrst skrivne ned av Demetrios frå Faleron på 300-talet f.Kr, men samlinga har sidan blitt gjendikta, omdikta og utvida, og blitt fortalt både på vers og som prosa i ei mengd versjonar i den vestlege litteraturen. Framleis blir det gjeve ut nye utgåver av den gamle greske folkeboka over heile verda, som oftast som barnebok med nye illustrasjonar og ulikt utval av forteljingar.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/db/Aesop-fables-rare-Book-bookcover.jpg/320px-Aesop-fables-rare-Book-bookcover.jpg)