From Wikipedia, the free encyclopedia
Høne (norrønt Hǿnir) er ein ås i den norrøne gudelæra.
Etter Voluspå skapte han, saman med Odin og Lodur, dei første menneska. Ved skapinga gav Odin ånd, Høne gav tanke og Lodur gav blod og kroppsvæsker. Høne kan reknast som eit aspekt av Odin.
Når ein sidan møter Høne på nytt, er han utan vett. Sidan han er unyttig, vert han send som gissel til vanane, i bytte mot Frøy og Njord.
Høne har mindre roller i Haustlong og Reginsmål.
I den færøyske mellomalderballaden Lokka táttur vernar Høne ein gardbrukarson gjennom å lokka til seg sju svaner.[1]
Ein kjenner ikkje spor eller minne av noka dyrking av guden Høne.[2] I mellomalderen vart Hønir eller Høne bruka som mannsnamn.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.