Åsane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Åsane er ein bydel i Bergen, nord for Bergen sentrum. Han var eigen kommune frå 1903 til 1972. I 1903 vart han skilt ut frå Hamre kommune. 1. januar 1972 vart Åsane ein del av Bergen kommune. Den gamle kommunen hadde då 19 205 innbyggjarar. I dag er Åsane ein av dei største bydelane i Noreg. Av dei 239 950 innbyggjarane i Bergen bur 38 332 i Åsane (1. april 2005).
Bydelen er forbunde med Bergen sentrum ved hjelp av E16 som fortset til Arna, og til kommunane som ligg i nord ved E39.