Polarlys

From Wikipedia, the free encyclopedia

Polarlys

Polarlys (aurora polaris) er eit naturfenomen som oppstår når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladingar som slynger elektrisk ladde partiklar (elektron og proton) mot jorda. Når desse partiklane kolliderer med, og ioniserer, luftmolekyl i den ytre delen av atmosfæren (90 km til 150 km over bakken), vert det produsert «dansande» (bølgjande) lys med ulike fargar.

«nordlys» omdirigerer hit. For avisa, sjå avisa Nordlys.
Thumb
Nordlys i Alaska

Polarlys på den nordlege halvkula vert òg kalla aurora borealis eller nordlys, medan polarlys på den sørlege halvkula ofte vert kalla aurora australis eller sørlys. Nord- og sørlys opptrer i ein oval ring rundt den magnetiske nord- eller sørpolen.

I Noreg er nordlyset mest aktivt like før midnatt, to-tre døger etter at store solflekkar har hatt utbrot på sola. Dei mest aktive nordlysmånadene er mars, april, september og oktober. På grunn av lystilhøva er det lettast å sjå nordlyset kring midtvinter.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff


Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.