Map Graph

Vines skule

Vines skule var ein barneskule i Ullensvang herad. Skulebygget ligg i grenda Vines ved Indre Samlafjorden, kring 7 km frå Utne, og var barneskule for ungane i området frå grensa mot Jondal til og med Utne, det vil seia alle som hadde Utne til postadresse. Skulen hadde elevar frå 1. til 7. klassetrinn, og hadde 29 elevar i 2008. Etter 7. klasse fortsette elevane skulegonga si på Hauso skule på Hauso ved Sørfjorden.

Read article
Fil:Vines_skule.JPG