Map Graph

Uxbridge

Uxbridge er ein stor forstadsby nordvest i London i England og det administrative senteret i London Borough of Hillingdon. Han ligg 24 km nordvest for Charing Cross og eit av dei største bysentra innanfor Londonplanen. Han var historisk ein del av soknet Hillingdon i grevskapet Middlesex og var eit viktig lokalt handelssenter i si tid. Som ein del av forstadsveksten kring London på 1900-talet, vart han eit bydistrikt i 1955 og har vore ein del av Stor-London sidan 1965. Uxbridge er i dag eit viktig handelssenter og Brunel University ligg her. Byen ligg nær grensa til Buckinghamshire.

Read article
Fil:Uxbridge,_The_Market_House_-_geograph.org.uk_-_798869.jpgFil:United_Kingdom_England_adm_location_map.svg