Map Graph

Tsjekkisk geografi

Tsjekkia ligg plassert midt i Sentral-Europa, og grensar til Austerrike i sør, Tyskland i aust og nordaust, Polen i nord og nordvest og Slovakia i søraust. Landet har eit variert landskap, og er hovudsakleg delt inn i dei to områda Böhmen og Mähren. Böhmen i vest er eit område som vert drenert av elvene Labe og Vltava, og er omringa av stort sett låge fjell som Sudetane. Krkonoše er ein del av Sudetane, og her finn ein det høgaste punktet i landet, Sněžka på 1 602 meter. Mähren, den austlege delen, er òg forholdsvis åslendt og vert hovudsakleg drenert av elva Morava, men elva Odra har òg sitt utspring her. Vatnet frå Tsjekkia renn ut i tre forskjellige hav: Nordsjøen (Elbe), Austersjøen (Oder) og Svartehavet.

Read article
Fil:Ez-map.pngFil:Satellite_image_of_Czech_Republic_in_September_2003.jpg