Stortorget i Oslo
Stortorget eller Stortorvet er eit torg i Oslo sentrum. Det har vore sentraltorget i byen frå 1736 da det tok over etter Christiania gamle torg. Kringom torget ligg mellom anna Oslo domkyrkje i nr. 1, Glasmagasinet i nr. 9 og Stortorvets Gjæstgiveri. Sistnemnde har ikkje adresse til sjølve torget, men til Grensen nr. 1.
Read article