Rotterdam
Rotterdam er den nest største byen i Nederland etter hovudstaden Amsterdam, og den største byen i provinsen Zuid-Holland (Sør-Holland). Byen har den største hamna i Europa, og var mellom 1962 til 2004 den travlaste hamna i verda, før Shanghai tok over den rolla. Han ligg ved breidda til elva Nieuwe Maas, ein av elvane i elvedeltaet danna av Rhinen og Maas. Namnet Rotterdam har sitt opphav i at byen vart grunnlagd ved ein demning (dam) i ei av sideelvane, Rotte.
Read article