Map Graph

Provinsen Bursa

Provinsen Bursa er ein provins vest i Tyrkia, langs Marmarahavet. Naboprovinsane er Balıkesir i vest, Kütahya i sør, Bilecik og Sakarya i aust, Kocaeli i nordaust og Yalova i nord. Provinsen har eit areal på 11 043 km2 og kring 3,2 millionar innbyggjarar. Byen Bursa var hovudstad i den osmanske staten fram til erobringa av Edirne. Det meste av provinsen ligg i Marmararegionen utanom distrikta Büyükorhan, Harmancık, Keles og Orhaneli, som høyrer til Egearregionen.

Read article
Fil:Bursa_in_Turkey.svg