Map Graph

Løvstakken

Løvstakken (477 moh.) er eit av dei sju fjella kring Bergen. Det ligg mellom Fyllingsdalen og Bergensdalen. Fjellet gav namn til ein tidlegare bydel i Bergen. Løvstakken er eit populært turterreng, og Bergen Turlag sin årlege sjufjellstur går over Løvstakken. Det er då det tredje fjellet ein går over etter Lyderhorn og Damsgårdsfjellet. Turen går vidare til Ulriken, Fløyfjellet, Rundemanen og til slutt Sandviksfjellet.

Read article
Fil:Lovstakken_top_north.jpg