Lugano
Lugano er ein by i det sørlege Sveits, i den italienskspråklege kantonen Ticino ved grensa til Italia. Byen er ein populær turistby, kalla «Sveits' Monte Carlo». Den er den niande største byen i Sveits etter folketal. Kommunen har 54 667 innbyggjarar (2010) og eit areal på 32 km². I storbyområde kring byen bur over 145 000 innbyggjarar. Byen ligg 273 meter over havet, sør for Alpane, ved Luganosjøen mellom innsjøane Lago Maggiore og Lago di Como.
Read article