Map Graph

Lough Gill

Lough Gill er ein innsjø i County Sligo i Republikken Irland. Han er om lag 8 km lang og 2 km brei og renn ut i elva Garavogue nær Sligo by. Den vakre innsjøen er omringa av skogkledde åsar som er populære hos fuglekikkarar. Ovanfor innsjøen ligg ein forskansa herregard, Parke's Castle. Den noverande borga vart bygd på 1600-talet av Captain Robert Parke der den tidlegare borga til O'Rourke-klanen låg. Uí Ruairc styrte området frå om lag 600-talet fram til Oliver Cromwell si tid.

Read article
Fil:The_Lake_Isle_of_Innisfree_-_geograph.org.uk_-_981230.jpgFil:Parkes_castle.jpgFil:Innisfree.jpg