Fthiótida
Periferieininga Fthiótida, i antikken og på katharevousa kalla Fthiótis, er ei periferieining i Hellas i periferien Sentral-Hellas. Hovudstaden er Lamía. Ho grensar til Maliábukta i aust, Viotía og Fokída i sør, Etoloakarnanía i sørvest, Evrytanía i vest, Kardítsa og Lárisa i nord og Magnisía i nordaust. Namnet har sitt opphav i antikken, men det moderne prefekturet vart oppretta under den greske sjølvstendekrigen i 1821 og vart då kalla Fthiótida og Fokída fram til 1947 då dei sørlege områda vart ein del av det moderne Fokída prefektur og namnet vart endra til Fthiótida.
Read article