Map Graph

Den kaspiske senkinga

Den kaspiske senkinga er ei lågtliggande slette i området nord for Kaspihavet, den største innsjøen i verda.. Senkinga ligg i den sørlege enden av Rynørkenen i både Kasakhstan og Russland og er ein del av Den aralsk-kaspiske senkinga. Det meste av den russiske republikken Kalmykia ligg i Den kaspiske senkinga. Elva Volga renn gjennom området på veg til Kaspihavet. Dei andre store elvane som renn gjennom senkinga til Kaspihavet er Sefid-Roud frå Iran og Uralfjella. Uralelva og Volga sine elvedelta er kjenneteikna ved vidstrekte våtmarksområde.

Read article
Fil:Caspian_Depression_-_NASA_(edited).jpg