Awarua Plains
Awarua Plains er eit større våtmarksområde aust for Bluff på New Zealand. Det dekkjer eit areal på kring 600 km², og slettene strekkjer seg i 35 kilometer langs kysten av Foveaux-sundet. Denne kyststrekninga omfattar også halvøya Tiwai Point, Awarua Bay, Waituna Lagoon og Toetoes Bay. Elva Mataura River utgjer hovuddelen av vassføringa inn til Awarua Plains, saman med Oreti River, dei er leivningar etter elvene som i istida forma Southland Plains (Murihiku). I tillegg renn fleire mindre elver ut i Foveaux-sundet langs denne kyststrekkja, hovudsakleg via Awarua Bay og Waituna Lagoon.
Read article
Nearby Places
Awarua Wetland